Velkommen til "Aktiv i Modalen"
Vestlandsbygda Modalen ligg vakkert til mellom fjord og fjell, med eit livskraftig lokalsamfunn fordelt på fleire tettstader frå sentrum på Mo til Steinsland 30 km i nordøstleg retning innover i dalføret. Dalen er ein naturleg startstad for turar i Stølsheimen, og ein kan ta seg opp dei bratte fjellsidene til fots eller bli skyssa opp ei av grusvegane som me kan takka kraftutbygginga på 70-talet for.
Aktiv i Modalen ynskjer å vise deg nokre av natur- og kulturkvalitetane Modalen har å by på. Denne fyrste sesongen startar eg med guida turar til den idylliske Otterstadstølen som ligg ca. 3 km i luftlinje frå Mo. Turen passer for dei fleste, og du får innblikk i vestlandsk kraftutbyggingshistorie og gammal stølskulturhistorie undervegs. På stølen vert det servert tradisjonskost som er lokalprodusert i Modalen. Du har også høve til å leige eit nyrenovert stølshus på Otterstadstølen, der det er sengeplass til 6 personar, og staden passer svært godt for barnefamiliar.
Når hausten lir på, arrangerer eg nybyrjarkurs i soppsanking og -tillaging i samband med stølstur. Eg er autorisert soppsakkyndig, så du skal føle deg sikker på at soppen som kjem i panna, berre gjer godt for både gane og mage.
Sjå lenkene til venstre for meir informasjon.
