Guida tur i vestlandsk stølslandskap
Turen startar ved Grønhaug kraftverk ikkje langt frå Mo sentrum, og fylgjer vassdraget oppover lia. Stien er god i norsk målestokk og passer for dei fleste – eg har hatt med både barn nede i 5-årsalder og eldre. Som alle stader i Modalen når ein skal til fjells, er det eit par kneiker i byrjinga som riv litt i leggmusklane, men stien jamnar seg fint ut når ein kjem inn i naturverneområdet som også heiter Otterstad. Her finst den vestlegaste naturlege granskogen i Noreg.
Undervegs vil eg fortelje om utnyttinga av vasskraft i Modalen frå eldre tid og fram til i dag, og gi innblikk i stølslivet og kva rolle stølen tidlegare spilte for jordbruket i området vårt. Naturområdet vi tek oss inn i, heiter Stølsheimen, og det var uvanleg mykje stølsdrift her frå gammalt av. I dag er all aktiv drift lagt ned, men mange av stølane er godt tekne hand om, og blant dei er Otterstadstølen den største og finaste.
Vel oppe på stølen kan ein forsyna seg av lokalprodusert flatbrød, spekjemat, smør og rømme. Ein kopp kaffi med noko innåt høyrer også med.
Turen tek om lag 1,5 time opp inkludert stopp med guiding undervegs.
Pris kr 250,- inkl. måltid og kaffi.
