Leige av stølshus på Otterstadstølen
Denne våren og forsommaren har stølshuset vårt på Otterstadstølen gjennomgått ei større renovering, og kan no ta i mot overnattingsgjester. Alt gamalt som kunne bevarast, er bevart, og taket har fått tilbake torvdekket. Selet er ca. 35 m² og er 3-delt: Ei stove, eit soverom og kjøkken i midten der ein kjem inn. Frå gammalt av blei dette kalla ei rotstove i motsetnad til stølshusa i 2 høgder som det og finst døme på på Otterstadstølen. Sjølve stølsvollen med til saman 4 stølshus og 4 uthus ligg vakkert og lunt til kransa av den gamle granskogen som no er verna. Grønhaugselva renn 30 meter frå stølshusa og er vasskjelda vår, og det er ein overmåte fin badekulp der fossen kjem ned bakom husa.
Det er enkelt å ta seg opp på eige hand til stølen som ligg om lag 1 times gange frå fylkesvegen i Modalen, men eg kan og fylgje med opp og sjå til at de kjem på plass.
Det er fine turar å ta i området, og ein kan også gå nordover og møte merka DNT-løype som går frå Dyrkollbotn til Skavlabu. Det er ei fin helgetur å ta seg opp til Otterstad fredag ettermiddag/kveld, gå til Skavlabu laurdagen og vidare ned Hellandsdalen i Modalen sundagen (sjå kartlenke). I slutten av juli plar snøen vere smelta såpass at det er mogleg å gå til Skavlabu på beina.
Nokre praktiske opplysningar:
I soveromsdelen er det ei familiekøye med dobbeltseng nede og enkeltseng oppe i tillegg til ei enkeltseng og samanleggbar babyseng (0-3 år). I stova er det sovesofa som passer best til ein person, to dersom dei er smale. Sengene har sjølvsagt madrasser og dyner/puter, og sengeklede kan leigast.
Det er vedfyring i stova og maten vert elles laga på propanapparat (3 bluss). I sovedelen finst også ei parafinomn for ekstra kalde morgnar om våren og seinhaustes, og det er mange ullteppe for dei som er frosne av seg.
Kjøkkenet er godt utstyrt, men eigen mat ein sjølv ta med.
I uthuset finst eit tørrklosett og ved til fyring innomhus. Det er ikkje lov å lage bål utandørs på grunn av vernestatusen til området.
Prisar
Stølshuset kan leigast per natt eller for fleire netter på rad, då vert det litt rimelegare.
NOK 150,- per person per natt (barn under 10 år gratis).
NOK 1500,- for ei veke utan omsyn til talet på personar.
NOK 100,- for eit sett med sengeklede (laken, dyne- og putevar) som eg tek med opp for dykk same dagen eller dagen før.
NOK 200,- for fylgje og bærehjelp opp og det same for utvasking dersom ein ikkje vil gjere dette sjølv
Velkommen til ei unik stølsoppleving i Modalen
